Kristoffer Hjulstad

Kristoffer Solum Hjulstad speler ein gjesterolle i årets første versjon av "Offeret" i Namsen-trilogien på Seem Arena i Grong. Hjulstad har tidlegare hatt hovudrolle i "Namsens Auge" og har sidan den gongen tatt utdanning ved teaterutdanninga på Nord Universitetet og har ei merittliste av skodespelaroppdrag som allereie er særs lang og variert.

Hjulstad er utflytta grongning. Det vil seie "Harrasbygg". Han har frekventert på scener over heile landet ut frå ulike oppdrag. Han har vore med i fleire vandreteater, mellom anna "En midtsommarnattsdrøm"/ "En Midtvinternattsdrøm", og som Demtrius i "Shakespeare" med Teater Framdrift. Han har fulgt Nord-Trøndelag Teater med stykket "Snøhula"  og spelt Filiokus Edderkopp i "Rebella Hex" i Namsskogan familiepark for å nevne noko.