Asgeir Skrove

Asgeir Skrove er norsk musikar, arrangør, musikalsk leiar og pedagog. Som for «Namsens Auge» er han no komponist for spelmusikken til heile Namsen-trilogien og årets oppsetting av «Offeret».

Skrove er ein særs etterspurt og erfaren komponist, som er allsidig i stil og form. Produksjonane hans omfattar store verk for kor, orkester og solistar, bestillingsverk for ulike festivalar, små komposisjonar og ein mengde teatermusikk.  Som teaterkomponist har han stått bak musikken til store musikalar, musikkteater og ulike «soundtracks». Teatermusikken hans er framført i fleire land som til dømes Tyskland, Russland, USA og Chile.

I tillegg til «Offeret» er Asgeir Skrove  i 2017 aktuell som komponist for fleire teaterstykke. I år produserer han musikk for «Jakob og Neikob» ved Det Norske Teatret, Oslo, «Skam deg, Mayliss» for Trøndelag Turneteate», «Rinnanbanden» for Skuespillerutdanninga ved Nord Universitet, «7-åringen» for Rabarbrateatret i Trondheim og «På tvert» for Trøndelag turneteater.

Dei siste eksempla på hans arbeid som musikalsk leiar og arrangør er «Eplene i Messehagen» for Gruveteatret i Malm og «Levva livet» for innSpæll A/S og Verdal Teaterlag

Asgeir Skrove stod bak etableringa av den velrenommerte jazzlinja ved Sund Folkehøgskole i 1992 og var sterkt delaktig i etableringa av Skuespillerutdanninga ved Nord Universitet (tidlegare HINT) i 2005, og er no tilsett som førsteamanuensis ved utdanninga.

Asgeir Skrove var medstiftar av teaterselskapet innSpæll A/S i 2000, var medeigar i 10 år, og har bidratt kunstnarisk i mange av produksjonane for selskapet.