Jeff Pedersen

Jeff Pedersen er scenograf for "Offeret". Her i "tømmerfloka" på scenen på Seem Arena.

Jeff Pedersen er ein erfaren amerikansk skodespelar, som etter 14 år i England flytta til Noreg. Han har lang erfaring innan teater og film, har jobba med Kevin Spacey i The Philadelphia Story på The Old Vic i London, i filmar som The Deaths of Ian Stone og i mange TV-produksjonar. Jeff har jobba mykje som «motion capture» utøvar i videospel, gjort mange lydbøker og dubbing i forskjellige produksjonar. Han var tidlegare hovudlærar for teater grunnfag på Arts Educational School i London og var drama coach på Britain's Next Top Model (Top Model UK i Norge).

Jeff har jobba i fleire produksjonar som har vunne BAFTA prisen, som TV-serien Britz, The Government Inspector, Nuremberg og Absolute Power med Stephen Fry. I tillegg til å vere skodespelar, jobbar Jeff som regissør og scenekamp-instruktør. (henta frå skuespillerkatalogen.no)