Maria Fiskum

Rollene Siri og Perry

Maria Fiskum (32) er ein songar frå Harran i Grong. Maria har fleire års songerfaring omkring i Namdalen med både vokaloppdrag, eigne konsertar og teater/ revy. Ho syng i Høylandet Vokalensemble i ein kommune kor ho til dagleg arbeider  som pedagogisk leiar i barnehage.

Maria hadde rollen som den unge Siri i siste versjon av Namsens Auge i 2016. No har det gått 20 år og Siri har vorte vaksen, gifta seg med Perry (spelt av Geir Ove Brøndbo i "Offeret") og er no ei halden dame med bein i nasen. Ho kjempar for sine arbeids- og kvinnerettar og har ein meir markant rolle, også songmessig, i det nye friluftsteateret "Offeret" i Namsen-trilogien.