Mathias Melsæter Rydjord

 

Mathias Melsæter Rydjord speler hovudrollen mot Per Arne Lynum i "Offeret" i Namsen-trilogien

Mathias Melsæter Rydjord skal spele hovudrollen som "Barnardo". Ein ung, britisk lordesøn.

Rydjord er skodespelar opphavleg frå Kleive i Møre og Romsdal. Han er utdanna ved Teaterutdanninga ved Nord-universitetet. Namsen-trilogien er stolte av å kunne rekruttere profesjonelle aktørar frå vår eiga regionale utdanning. På Innherred har han mellom anna i 2016 spelt den norske diplomaten Frode Nilsen i teateroppsettinga «Ambassadøren» med verdspremiere i Santiago i Chile. Der stifta han jamvel godt kjennskap med komponisten for "Namsen-trilogien, Asgeir Skrove, som var musikalsk leiar.

Rydjord bur no på Stiklestad og er tjukt inne i den trønderske speltradisjonen.

Vi vil nevne at Rydjord har danset konkurransedans på høgt internasjonalt nivå frå 2003 til 2011. Det kan vi dra nytte av når tonene frå Chuck Berry utfordrar Vidar Sandbeck og 1959 på Seem Arena under framsyninga av årets spel, "Offeret".