Morten Finvold Dahl

Olaf Sjemsvoll og odelsguten Hans

Morten Finvold Dahl (20) er nok eit skodespelartalent frå Harran i Grong og skal ha den nye rollen i "Offeret" som 17-år gamle Hans Sjemsvoll. Endeleg har Olav og Inga fått seg ein odelsson på garden.

Morten Finvold Dahl har gått på dramalinja på Inderøya Videregående Skole. Oppgjennom barndom og ungdomstid har han spelt sentrale roller i lokale teateroppsettingar i Grong og fleire gjennom skolegangen.

Det unge skodespelartalentet går i fotspora til Kristoffer Sagmo Aalberg og Kristoffer Solum Hjulstad som begge har hatt tilsvarande sentrale roller i forløparen Namsens Auge oppgjennom åra. Alle frå Harran.