Rolf Losnegård

Rolf Losnegård er regissør i "Offeret"

Rolf Losnegård (f. 1946) er henta frå Sogn og Fjordane for å vere regissør for årets oppsetting av "Offeret" i Namsen-trilogien.

Losnegård er mest kjent for sitt forfattarskap kor han særleg har skrive historiske skodespel. Det mest kjente av desse er Kinnaspelet. Han har produsert og skreve ei rekke spel, teaterstykke, komedier for NRK og bøker.

Verka hans er mellom anna spelt på Riksteateret, Sogn og Fjordane teater, Agder Teater og Hordaland Teater. Blant teaterstykka til Losnegård finn ein oppsetjingar om Jakob Sande og Gjest Baardsen, ein versjon av Gilgamesj-eposet, Gaularspelet, Dragseidspelet, Herøyspelet og Mostraspelet.

Losnegård mottok fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane i 1987. (kjelde: wikipedia)