Silje Ingebrigtsen Tveråli

Foto: Endre Hilleren

Silje Ingebrigtsen Tveråli har rollen som Klara Haugen, dotter av "Ardis og Toralf" frå "Namsens Auge.

Silje Ingebrigtsen Tveråli kjem frå Levanger og har ei treårig utdanning i musikkteater frå Bårdar Akademiet. Under utdanninga har ho medverka i framsyningar som "The Drowsy Chaperone" på Oslo Nye Teater i rollen som Trix og "Bat Boy" på Chat Noir i rollen som Sheriff Reynolds. Ho hadde nyleg ein miniturné med Den Kulturelle Spaserstokken med framsyninga «Intet er nytt under under solen», og sist jul hadde ho sin eigen julekonsert "Juletoner" i Sakshaug Kirke på Inderøy. Ingebrigtsen Tveråli mottok i år Levanger kommune sitt kulturstipend.

No arbeider Silje som freelance i Oslo og er i tillegg instruktør i barnemusikal og skodespelar for barneshow i 2entertain og Mous.

Til hausten skal ho spele hovudrollen Synnøve i forestillinga «Rotterdam» på Levanger, som også er skreve av Torvald Sund.