Torvald Sund

Torvald Sund (forfattar)

Torvald Sund har opphav frå Stjørna, men bur i Levanger. Manusforfattaren har skrive 30 bøker som har fått fleire prisar og er omsett til 10 språk. Skodespela hans er oppført m.a. på Trøndelag Teater, Teatret Vårt og Nordland Teater. Av spel som går år om anna i Namdalen skal nemnast: Sjå dagar skal koma (Lauga) og Trua og saltet (Vikna). Torvald Sund skriv jamt romanar, sist utgitt var Sildbøtta (2014). Elles er han kan hende mest kjent for dei mange barnebøkene sine, mellom anna «Onkel Oskars saueost» som òg vart filmatisert.

Siste året har han vore aktuell med romanane "Bøt nota, fang livet" og "Sildbøtta". I Levanger står han jamvel bak manusproduksjonen til eit nytt teater/ spel som får namnet "Rotterdam" med premiere hausten 2017.