Offeret

Offeret

2. TEATER I NAMSEN-TRILOGIEN

Heilt ny dramatikk. Heilt ny musikk. Nye aktørar. Endeleg får vi premieren på eit historisk friluftsspel som skal føre soga fram i tid.

Offeret er skrive av Torvald Sund og tilsett musikk av Asgeir Skrove. Nokre av karakterane frå Namsens Auge som fortelte soger frå 1939 lever framleis. Vi er no i 1959. Men mange av rollene er nye. Og det er slettens ikkje nødvendig å ha sett Namsens Auge først. "Offeret" står for seg sjølv som dramatisk stykke.

Vi skal ikkje røpe for mykje, men spelet vil som forløparen fortelje om livet, kampar, kjærleik og samfunn i ein tidskoloritt. I 1959 står Noreg føre radikale endringar og utvikling som allereie pregar andre land og verdsdelar.

Langsmed den viktige elva står våre karakterar framføre viktige vegval og blir utfordra av internasjonale straumdrag som skaper kulturelle og økonomiske krusningar kring Seem og Namsen.

Det skal handle ein god del om grådigheit - ei dødssynd.

Namsen får sitt liv, som lova i segna om dropene i Ångermansfjell, kor den av to dropar som kom først til havet skulle få eit liv kvart år. Namsen vann.

11 songar av Asgeir Skrove vil fortelje om nye tider med korrøyster frå over 30 aktørar og eit live orkester som består av dei beste musikarane i Namdalen.

I hovudrollene: Mathias Melsæter Rydjord (skodespelar), Per Arne Lynum (revyartist og amatørskodespelar), Sonja Fossland, Silje Ingebrigtsen Tveråli (musikal artist), Morten Finvold Dahl, Maria Fiskum, Geir Ove Brøndbo Hammer. Kristoffer Hjulstad opptrer i ein gjesterolle.

13528229_1104145102982629_1206858862127230055_o